Middelalder

Middelalderen var perioden mellom 500 e.Kr og 1500 e.Kr. I den tidlege middelalderen var det mykje fråflytting og barbariske invasjonar. Dei barbariske inntrengarane danna nye riker av det som vart att av det vest romerske riket. Utover 700-talet kom det nye folkeslag inn for å ta land, deriblannt vikingane. 

 

I høgmiddelalderen, etter år 1000, starta befolkningsauken. Han auka kraftig fordi dei fekk betre jordbruksutstyr, betre handel og meir avlingar. Føydalismen oppstod og fordi bønder og vanlege folk trengte beskyttelse, noko dei fekk av stormenn og adelsmenn i bytte av avlingar og peng. 

I 1095 starta kristne europearar med krosstog. Dette var store følgjer av menneske som gjekk til angrep på Islam for å ta tilbake Jerusalem og det hellige landet. Det første krosstoget var ganske uorganisert og besto mest av bønder og frivillige som ville sleppe unna arbeid og gjeld. Men det andre krosstoget var organisert og dei greidde å ta tilbake Jerusalem. 

 

Seinmiddelalderen starta ca 1350. Det var no den store katastrofen, svartedauden, kom til Europa. Mellom 1347-1350 dø omtrent ein tredjedel av befolkningen i Europa. Det vart og større splittelse i det kristne samfunnet og krigar mellom statar, bønder og borgarkrigar vart meir vanleg.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Sindre

Sindre

17, Årdal

Eg er ein elev på Årdal VGS og har som oppgåve å lage ein blogg om Norsk historie, på nynorsk.

Kategorier

Arkiv

hits