Barokk, Ludvig 14.

Ludvig XIV, også kalla "solkongen", var konge av Frankrike ifrå 1643 til 1713. Han var fødd i den franske byen Saint-Germain-en-Laye. Han vart konge berre fem år gammal, men det var ein minister som styrde for han til han vart gammal nok. Noko Ludvig er mest kjend for er slottet i Versailles. Slottet er eit godt døme på korleis barokk stilen var. Slottet skulle understreka kven som styrde landet og monarkiets autoritære stilling.



Ludvig var gift med Maria Theresia av Spania i 1660. Litt etter ho dø gifta han seg på nytt med Françoise d'Aubigné. Ludvig fekk mange sønner og barnebarn, men dei eldste døydde så den neste arvinga vart oldebarnet hans, Ludvig 15.

Renessansen

Renessansen oppstod i Italia på 1350-talet. Det betyr attføding og er ein retning innan europeisk kunst og tankegang. Renessansen er mest omtalt på grunn av kunsten, men og politikken, vitneskapen, og menneskesynet som var på den tida. Tidsepoken slutta mellom 1500 og 1600-talet. 

Renessansen braut med livssynet og den kollektive kirkekulturen som var gjeldande i middelalderen. I staden for å ha Gud i sentrum som tidligare, gjekk fokuset no over på mennesket. Renessansen var ei tid der mennesker var på leting etter nye idear. Det var ein kunnskapstørst og ein trang etter å forska. Dei ville oppdaga naturens vesen på eigenhand, ikkje få servert ferdige gjennomtenkte teoriar og lover. 

 

Middelalder

Middelalderen var perioden mellom 500 e.Kr og 1500 e.Kr. I den tidlege middelalderen var det mykje fråflytting og barbariske invasjonar. Dei barbariske inntrengarane danna nye riker av det som vart att av det vest romerske riket. Utover 700-talet kom det nye folkeslag inn for å ta land, deriblannt vikingane. 

 

I høgmiddelalderen, etter år 1000, starta befolkningsauken. Han auka kraftig fordi dei fekk betre jordbruksutstyr, betre handel og meir avlingar. Føydalismen oppstod og fordi bønder og vanlege folk trengte beskyttelse, noko dei fekk av stormenn og adelsmenn i bytte av avlingar og peng. 

I 1095 starta kristne europearar med krosstog. Dette var store følgjer av menneske som gjekk til angrep på Islam for å ta tilbake Jerusalem og det hellige landet. Det første krosstoget var ganske uorganisert og besto mest av bønder og frivillige som ville sleppe unna arbeid og gjeld. Men det andre krosstoget var organisert og dei greidde å ta tilbake Jerusalem. 

 

Seinmiddelalderen starta ca 1350. Det var no den store katastrofen, svartedauden, kom til Europa. Mellom 1347-1350 dø omtrent ein tredjedel av befolkningen i Europa. Det vart og større splittelse i det kristne samfunnet og krigar mellom statar, bønder og borgarkrigar vart meir vanleg.

Kaldt

Eg gjekk til skulen idag, og trudde eg skulle døy av kulden. Ein i klassen sa at det var -10 grader ute. Noko av det verste eg veit er å frysa.

Føler meg som han her.

Mellomnorsk språk

Før 1350 var det fullt muligt at ein nordmann ifrå nord ikkje kunne skjønne kva ein ifrå sør hadde skrevet på eit brev, men dette skulle snart endra seg. Mellomnorsk språk var mellom svartedauden,1350-talet, til reformasjonstida, 1536. Skrifta og det munnlege språket endra seg mykje ifrå vanleg norrønt. Grammatikken vart forenkla og og språket vat påvekra utanifrå av blant anna tyske ord. Men det var nok dansk som var den største påvekaren. Sidan Noreg var svekka av svartedauden ville danskane auka makta si og difor påvekra Noreg. Det var ikkje før på 1600-talet at nynorsken tok meir over og vart meir lik det språket me brukar idag. 

Norrønt språk

På 1100-, 1200-, og 1300-talet blomstra det norrøne språket, både skriftleg of munnleg. Det skriftlege språket varierte mykje sidan det ikkje var reglar som stadfesta grammatikk eller rette skrivemåtar. Det fyrste språket blir kalla unormalisert norrønt, for språket varierar frå tekst til tekst. Normalisert norrønt kom ikkje før på 1800-talet. Da vart det laga reglar for korleis ein skulle bruka språket. 

Når det gjeld den munnlege delen av språket så var den også ulik frå plass til plass. Dei hadde ulike dialektar som me har i dag. Derfor går det an å finne ut kvar nokre tekstar ifrå middelalderen vart skrevet. For det var ulike dialektar frå Vestlandet, Østlandet og Trøndelag. 

Det er to ulike skriftspråk som vart brukt i norrøn tid. Det eldre runealfabetet, som hadde 24 tegn og vart brukt mellom 200-talet og 700-talet. Det yngre runealfabetet blei brukt utover 700-talet og heilt fram til 1200-talet, det hadde 16 tegn.

Hei alle lesarar!

Denne bloggen er laga som ei oppgåve me har fått i norsk. Eg kjem til å leggje ut diverse tekstar som omhandlar norsk faget, men eg kjem og til å leggje ut diverse ting som eg vil dele med dykk.

Les mer i arkivet » Januar 2013 » Desember 2012 » November 2012
Sindre

Sindre

17, Årdal

Eg er ein elev på Årdal VGS og har som oppgåve å lage ein blogg om Norsk historie, på nynorsk.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits